NETTRADIO

 

Nyhetsbrev

Følg med!
Motta vårt nyhetsbrev.
Registrer deg her.

Se våre nyhetsbrev her.

 




Tilrår forlenging av lokalradiokonsesjonar


(19 januar, 2015 - 09:18)

I sitt høyingssvar tilrår Medietilsynet forlenging på 5 år av lokalradiokonsesjonar framfor ny utlysing på FM. Vidare i høyringssvaret skriv MT at ny utlysing på FM bør skje ved auksjon.

Forlenging på fem år framfor ny utlysing på FM

Medietilsynet meiner at dei gjeldande lokalradiokonsesjonane bør forlengjast med fem år etter utløpet 31. desember 2016. Forlenginga bør ha ei viss lengd for å sikre stabilitet for bransjen. Vi meiner at dei individuelle innhaldskrava til konsesjonane bør slettast ved ei slik forlenging. Dette sikrar likebehandling med aktørane som blir distribuerte på DAB+, og vil gjere radioane betre økonomisk rusta til å møte digitaliseringa.

Framleis krav til radiotypane

For å kunne forsvare at dei tre radiotypane består: 24/7-radio, allmennradio og nisjeradio, med tilhøyrande rett til sendetid, meiner tilsynet at det framleis bør gjelde visse krav. Medietilsynet foreslår derfor å vidareføre minstekravet til å sende 30 minutt med nyheits- og aktualitetsstoff frå konsesjonsområdet for 24/7- og allmennradioane. Dette vil sikre ei lokal forankring av radioane. På den andre sida foreslår vi å vidareføre inntektsgrensene for nisjeradioane, men at dei blir heva noko frå dagens nivå. Utbytteforbodet for nisjeradioar bør bestå for å sikre at inntektene kjem radiodrifta til gode.

Ny utlysing på FM bør skje ved auksjon

Dersom det vil bli ei ny utlysing av analoge radiokonsesjonar på FM, meiner Medietilsynet at dette bør bli gitt gjennom auksjon. Der det ikkje er fleire søkjarar bør konsesjonen bli gitt direkte til søkjaren dersom denne oppfyller minstekrava. Medietilsynet peikar på ei rekkje premissar som må bli avklara rundt ein eventuell ny konsesjonsperiode i høyringsfråsegna.

Les hele saken på Medietilsynet.no.

 

 

 




Annonser