Det er Bjørn-Martin Brandett som står selskapet Radiodrift AS som har fått konsesjon til å drive allmennradio i området. Fra før av er Radiodrift AS ansvarlig for Solørradioen, Eleverumsradioen og Trysilradioen.
I området er det eit sendarnett som er avsett til ein lokal allmennradio. Det var ingen konkurrerande søkjarar til konsesjonen. Det er heller ingen lokalradiokonsesjonærar i området frå før.
Den nye lokalradioen har forplikta seg til å sende minst 30 minutt lokalt innhald per dag, i tillegg til 30 minutt med dagleg nyheits- og aktualitetsstoff.
Konsesjonen varer frå 22. oktober 2012 til 31. desember 2016.