NETTRADIO

 

Nyhetsbrev

Følg med!
Motta vårt nyhetsbrev.
Registrer deg her.

Se våre nyhetsbrev her.

 




Målprisen 2015 til Radio Luster


(16 juni, 2015 - 10:24)

Luster mållag hadde nett gleda av å dele ut Målprisen for 12. gong. Målprisen for 2015 gjekk til Radio Luster, skriv Luster kommune.

Radio Luster hadde si fyrste sending valdagen i 1985 og har såleis halde det gåande i 30 år. Det er verdt ein pris i seg sjølv. Dei fleste nærradioane som dukka opp i 1980- og 90-åra, vart døgnfluger, og nokre få utvikla seg til kommersielle radioar. Radio Luster er i den vesle og eksklusive gruppa med radioar som har drive ein mannsalder på dugnad, og attpåtil i bygde-Noreg.

Når Radio Luster får Målprisen, er det for god dialektbruk gjennom alle desse åra. Radioen har hatt ein stad mellom 150 og 200 medarbeidarar på desse 30 åra. Når ein snakkar på radio, tenkjer ein betre etter enn til vanleg korleis ein formulerer seg og kva ord, former og talemåtar ein nyttar. Slik har Radio Luster vore ein skule i god og medviten dialektbruk for medarbeidarane, til glede for dei mange lyttarane i kommunen. Radioen har òg hatt mange medarbeidarar som har vore opptekne av språk og dialekt, og som har gjort dette til tema i sendingane.

Les heile saken på heimesidene til Luster kommune.

 

 




Annonser