NETTRADIO

 

Nyhetsbrev

Følg med!
Motta vårt nyhetsbrev.
Registrer deg her.

Se våre nyhetsbrev her.

 




Lyser ut ein million til førebyggjande tiltak


(2 august, 2014 - 04:00)

Lotteritilsynet skal tildele inntil ein million kroner til tiltak som skal førebyggje pengespel- og dataspelproblem i sårbare grupper.

Organisasjonar eller andre som jobbar med førebygging på dei aktuelle områda kan søkje om tildeling av midlar. Midlane er eitt av tiltaka i Handlingsplanen mot speleproblem.  Søknadsfristen er 1. september i år.

Nye målgrupper
- Med  denne utlysinga ønskjer vi å nå organisasjonar som har andre målgrupper enn born og unge. Målet er å få ut informasjon mot sårbare grupper i spesielle sosial situasjonar som for eksempel studentar eller tilsette i utsette sektorar og yrke, seier Linda Vøllestad Westbye som er avdelingsdirektør i Lotteritilsynet pengespill.

Tildelinga kan gå til ein aktør – eller delast mellom fleire. Midlane vil vere disponible i løpet av komande haust.

Les heile utlysingsteksten.

 

 




Annonser