NETTRADIO

 

Nyhetsbrev

Følg med!
Motta vårt nyhetsbrev.
Registrer deg her.

Se våre nyhetsbrev her.

 




Kvifor ikkje internettradio?


(5 februar, 2013 - 10:01)

Eg bur i skogen – i Drangedal!, Etter at DAB er under utbygging og FM under avvikling har kanalvalet blitt større, kvaliteten betre, men DEKNINGEN i STORE deler av landet langt dårlegare, skriv Arne Ettestad i ein litenkronikk.
 

Eg bur i skogen – i Drangedal !
Etter at DAB er under utbygging og FM under avvikling har kanalvalet blitt større, kvaliteten betre, men DEKNINGEN i STORE deler av landet langt dårlegare. Har ein ny Skoda Superb med god radiodel, det er langt dårlegare FM-antenne (naturleg nok) og DAB-signala blir aldri dei samme (det var også hull i FM-dekningen).Resultatet er svært irriterande opphakka lyd og store strekninger utan dekning.
Når eg deriomot streamar radio med min Iphone via elegante Tunein Radio har eg overraskande god dekning langs veg (trådlaust overført til bilradioen via blåtann utan noko problem)– og overraskande også der mobilsignala er svært dårlege.

Forklaringa er gjerne at dersom eg bruker telefonen eller pauser radioen så lagrer Tunein programsendinga automatisk den tida, og har difor ein buffer som gjør at det blir full radiokvalitet i prinsippet UTAN mobildekning i perioder.Litt forsinka rektignok, en kva gjør vel det ? Når eg f.eks hører på NRK SPORT så stopper sendinga når eg får ein telefon, og fortsetter etterpå – har jo ingen betydning i bil om eg hører målgangen 5 min etterpå så lenge eg ikkje går glipp av noko ???

Det er også lett å stille inn streamingkvalitet etter mobilforhold og ønske om kvalitet. Mobilnettet blir stadig meir utbygd og får stadig større hastighet – og kostnadene pr nedlasta kb blir stadig mindre.

Kvifor lagast ikkje bilradio som internettradio ??
- 1000-vis av kanaler og podkaster å velge mellom – langt betre dekning og fullgod kvalitet ?????
TENK om landet hadde kunne ha brukt DAB-pengar til å støtte raskare og betre utbygging av mobil og fiber i staden – KINDEREGG !! Og om alle lokalradioar hadde kune blitt sendt pr internett med full dekning over store deler av VERDEN ! Håper hvertfall Dykk kan ta bryderiet med å ta ein tur i utkantNorge der DAB, FM og streaming blir samanlikna.

Mvh undrande
Arne Ettestad
Drangedal
 

 

 




Annonser