NETTRADIO

 

Nyhetsbrev

Følg med!
Motta vårt nyhetsbrev.
Registrer deg her.

Se våre nyhetsbrev her.

 




Kringkastere må registrere seg


(3 juni, 2013 - 15:22)

Alle kringkastarar som ikkje tidlegare har registrert seg, eller som ikkje er omfatta av ei konsesjonsordning, må registrere seg hos Medietilsynet. 

Dersom ein kringkastar tilbyr innhaldet sitt gjennom fleire sendemåtar, vil ein vere pliktig til å registrere kvar enkelt løysing. Frå september 2013 vil det bli ført tilsyn på registreringar.

I samband med revidert lov om kringkasting og audiovisuelle bestillingstenester er registreringsplikta blitt presisert, med verknad frå 1. januar 2013.

Opplysningane som blir registrerte skal gjerast tilgjengelege i eit offentleg register hos Medietilsynet. Dette er for å få ein oversikt over alle som driv kringkastingsverksemd i Noreg, samt at lyttaren/sjåaren på ein enkel måte skal kunne identifisere den aktuelle kringkastaren.

Dei som skal registrerast er kringkastare av radio og tv. Dette gjeld uavhengig av sendemåte, eksempelvis via internett og kabel. Dei som tidligare er registrert eller omfattet av ein konsesjonsordning treng ikkje å registrere seg.

Les meir her.

 

 




Annonser