NETTRADIO

 

Nyhetsbrev

Følg med!
Motta vårt nyhetsbrev.
Registrer deg her.

Se våre nyhetsbrev her.

 




Fokus på lokalradio


(2 september, 2013 - 18:44)

Dei minste lokalradioane får lov å fortsetje på FM etter sløkking av FM-sendingar på riksplan i 2017. Mykje er likevel framleis uavklart når det gjeld framtida til lokalradioane, og Medietilsynet fokuserer derfor denne hausten på å ha dialog med aktørar i lokalradiobransjen.

– Vi merkar at lokalradiobransjen ikkje er så uroa for konsekvensane av digitaliseringa som den kanskje var tidlegare, seier Line Langnes, seniorrådgjevar i Medietilsynet. – Likevel er det mange spørsmål som reiser seg for lokalradioaktørane. Kven av dei som får fortsetje på FM etter sløkking på riksplan, korleis ikkje-kommersielle radioar kan sikrast tilgang til kapasitet på digital plattform, om det vil bli lemping i rammevilkår på FM etter 2014 slik som for rikskanalane og kva rammevilkår som vil gjelde etter 2017 både på FM og på DAB, er typiske spørsmål vi mottek frå lokalradioaktørar, fortel Langnes.

Les heile saken her.

 

 




Annonser