NETTRADIO

 

Nyhetsbrev

Følg med!
Motta vårt nyhetsbrev.
Registrer deg her.

Se våre nyhetsbrev her.

 




Endra og utvida kringkastingslov


(5 januar, 2013 - 04:00)

1. januar 2013 blei kringkastingslova endra og utvida på ei rekkje område. Endringane skjer i hovudsak som følgje av at EU sitt direktiv om audiovisuelle medietenester blir gjennomført i lova.

Ei oppsummering av viktige lovendringar:

  •     Lova sitt verkeområde er utvida til å omfatte audiovisuelle bestillingstenester ("VOD" mv.) i tillegg til kringkasting
  •     Kringkastarar og tenestetilbydarar er pålagde krav til synleg kontaktinformasjon for publikum (identifikasjonsplikt)
  •     Det er opna for unnatak frå det generelle forbodet mot produktplassering i einskilde programkategoriar i kommersielle TV-kanalar og bestillingstenester
  •     Reglane for utforming av sponsorplakatar er liberaliserte
  •     Einskilde reklamereglar er endra
  •     Audiovisuelle bestillingstenester er pålagde å innføre tiltak som hindrar barn tilgang til innhald som kan vere alvorleg til skade
  •     Det er innført nye reglar knytt til teksting for høyrselshemma i kringkasta TV-sendingar
  •     Kringkastarar er pålagde å gi konkurrentar tilgang til å sende korte utdrag frå rettsførebudde hendingar som er venta å vere av stor interesse for allmenta

Les meir om kva dei ulike endringane inneber.

 

 




Annonser