NETTRADIO

 

Nyhetsbrev

Følg med!
Motta vårt nyhetsbrev.
Registrer deg her.

Se våre nyhetsbrev her.

 




Brukt radioutstyr til Kamerun


(12 mars, 2014 - 04:00)

Har nokon brukt radioutstyr dei ikkje lenger har bruk for? Radio Sawtu Linjiila (Radio Voice of the Gospel) har for bruk for nytt utstyr. Det mest prekære er ein ny FM-sendar (ca. 1KW).

Direktør Bournang Yaya ved mixar i Store Studio.

Radio Sawtu Linjiila (Radio Voice of the Gospel) blei etablert i 1966 og har i dag ca. 20 medarbeidarar. Målsettinga er å nå folkegruppa fulaniane i Vest- og Sentral-Afrika (ca. 20 millionar) med programmer som har ein fordeling med 70 % allmenne programmer (helse, utdanning, kultur, debatt, aktualitet) og 30 % kristne programmer.

Radioen sender på kortbølge via Media Broadcast i Tyskland, og via eigen og andre FM-sendarar i Kamerun, Tsjad og Den sentralafrikanske republikk. Sawtu Linjiila er ein anerkjent radio i Kamerun, og seinast i mars 2011 fekk dei besøk av kommunikasjonsministeren i landet, Issa Chiroma:

Direktesending med ministeren frå “Lille studio” til venstre.

Men anerkjennelse er ikkje einsbetydande med masse ressursar. Sawtu Linjiila har knapt med midlar og det er eit stort behov for å oppgradera utstyret (sjå liste under). Det mest prekære akkurat nå, er å få på plass ein FM-sendar (ca 1KW) i byen Ngaoundéré kor Sawtu Linjiila er stasjonert. Dei siste månadene har dei lånt ein 300 W sendar, men den er nå i ustand.

Dersom nokon har utstyr dei trur kan komma til nytte i ein fulldigital radio i Vest-Afrika, er det bare å ta kontakt med Trond Hjorteland på mobil 46 94 52 42 eller senda e-post til trond.hjorteland@gmail.com. Eg skal til Kamerun i byrjinga av juni, og vil ta med meg det eg kan av utstyr då. Her er ei liste med ønska utstyr som teknikaren ved Sawtu Linjiila, har sendt:

1) 1KW FM amplifier – gjerne kompakt utgåve
2) Audio monitor, full DSP, auto calibration
3) K & M 23850 – justerbart mikrofonstativ
4) Digital modular studio console (gjerne noko à la Solidyne 2300XL)
5) PunchLight Recording Lamp USB
6) Studiomikrofonar
7) Digitalt opptaksutstyr

Staben til Sawtu Linjiila samla framfor hovudinngangen.

 

 




Annonser